Ivar Andreas Aasen

Ivar Andreas Aasen, språkforskar, språkgrunnleggjar og diktar. Han endra den språklege framtida i Noreg, forma skriftspråket nynorsk på grunnlag av talemål frå heile landet, og skreiv folkekjære songar som «Nordmannen» («Mellom bakkar og berg»).

Aasen var fødd i Ørsta 5. august 1813 og døydde i Kristiania 23. september 1896. Etter vanleg omgangsskule, studium hos huslærar og eige arbeid som huslærar var han kunnig i seks språk – norrønt, dansk, engelsk, fransk, tysk og latin. I 1842 tok han til på det arbeidet som resulterte i skriftspråket landsmål, tufta på Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873).
I arbeidet med å samle inn prøver frå talemåla landet rundt var Aasen innom halvparten av dagens kommunar og så langt nord som til Tromsø, men han la mindre vekt på talemålet i byane. Aasen forma sjølv prøver på det nye skriftspråket i ei rekkje sjangrar, skreiv meir enn hundre dikt og skapte nokre av dei mest folkekjære songane i Noreg. Han gav ut to ordbøker med til saman 69 000 oppslagsord. Dei klare og presise ordforklaringane hans gjer få han etter den dag i dag.
Han budde i Kristiania frå 1847 til han døydde, berre avbrote av eit år på Sunnmøre frå seinsommaren 1850.
(Saksa frå allkunne)
Forfattar: Ottar Grepstad


http://www.aasentunet.no/iaa/no/