- 18. mars 2014

Møtestad: Kantina på Tussatun. Møtestart kl 19.00.

Under årsmøtet var godt frammøte.

  • Val av ordstyrar og referent:

Ordstyrar: Grete Ringset.

Referent: Roar Rønning.

Årsmeldinga for 2013-14:

Roar Rønning la fram årsmeldinga som var utsend til alle husstandane i Hovdebygda på førehand. I samband med årsmeldinga og rekneskapen kom der eit par innlegg; at boka kanskje bør ha fleire bilete for å selje betre, og at laget må få meir blest i avisa for å auke medlemstalet.

Årsmeldinga vart samrøystes godkjent.

  • Rekneskapen 2013:

Roe Yksnøy la fram rekneskapen. Tala synte at laget har god økonomi, og rekneskapen for 2013 synte også eit fint overskot, noko som i hovudsak skuldast tilskot. Dei største inntektene var knytte til boka, tilskot til turstigane og medlemspengar.

Dei største kostnadene var også knytte til bokutgjevinga. Andre kostnader var heimesida, og kostnader på turstigane.

Rekneskapen vart samrøystes godkjent.

Val:

Grete Ringset la fram kandidatane til dei ulike tillitsverva, og ho leidde også valet.

Alle vala vart gjorde med handklapp.

Leiar: Grete Ringset, attval for eit år.

Nestleiar: Gudny Fagerhol, attval for to år.

Skrivar: Roar Rønning, attvald for to år i 2013.

Kasserar: Roe Yksnøy, attvald for to år i 2013.

Styremedlem: Albert Steinnes, vald for to år.

1.vara: Norunn Melheim, for eit år.

2. vara: Eilert Hovden, for eit år.

Alle vala nedanfor er for eit år:

Skriftstyre:

Roar Rønning, red, Bottolf Lødemel, Sveinung Walseth,Oddmund Hovden.

Kulturminne og kvernhus:

Einar Flø, Ragnhild Engeset, Jostein Ringset,

Turstiar og kvernhus:

Jostein Ringset, leiar, Ståle Brautaset, Are Myklebust, Kjetil Aasen, Karl Bernt Hovden,Terje Aam,

Jon Kårstad, Narve Yksnøy, Øystein Koppen, Einar Myklebust, Stig Salvesson, Per Fagerhol.

Børulf Lefdal, Eldar Lund, Sjur Hamar.

Fotosamling: Ann-Charlotte Sørheim.

Materialforvaltar/boklager: Oddmund Hovden.

Revisorar: Ottar Ringset og Sveinung Walseth.

Valnemnd: Hallvard Hovde, leiar, Sollaug Eiksund og Tor Aasen.

  • Gåve frå trimgruppa i Hovdebygda Idrottslag:

Leiar Grete Ringset kunne under årsmøtet opplyse om at det har kome brev frå trimgruppa i Hovdebygda Idrottslag om at dei løyver 10 000 kroner til arbeidet med turstigane.

  • Ymse:
  • Kulturminne og kvernhus:

Einar Flø orienterte om arbeidet kring kvernhusa. Området er verna, og det vert no arbeidd for å få tinglyst rettane som soge- og velferdslaget har til å ta vare på området. Grunneigarane er positive. Det er klart for å setje i gang arbeidet, men det trengst godkjenning frå kulturavdelinga i fylket, og denne let vente på seg.

I Hovdebygda er det tre faste kulturminne: Aasen-tunet, kalkomnen og gravene på Ytre-Steinnes. Nemnda har framlegg til mange andre lokale kulturminne som bør få ein høgare status.

Ordet fritt:

Sveinung Walseth meinte at heimesida må få eiga nemnd. Albert Steinnes sa seg samd i dette.

Det vil verte val på heimesidenemnd under årsmøtet i 2015.

Oddmund Hovden kom med framlegg om sogelagstur. Grete Ringset kunne svare at styret allereie har lagt opp til ein sogelagstur til Årsetøya i mai.

  • 7. Presentasjon av fotografi frå heimesida v/Albert Steinnes:

Heile årsmøtet fekk så vere med på ein times presentasjon av fotografi frå heimesida samstundes som det vart servert kaffi og kaker.

Albert Steinnes tok utgangspunkt i bileta frå boka Hovdebygda – folket og bygda i bilete, som kom ut i 1999. Under framsyninga kom der mange merknader og kommentarar, og folk drøste om bileta som i tid strekte seg tid frå slutten av 1800-talet og opp til notida. Denne økta gav eit godt prov på at det er mykje underhaldning i gode bilete.

18. mars 2014,

Roar Rønning,

ref.