Grunna omleggingar hjå Google, må alle skjermbilete rettast opp att. Vi ber om orsaking for umaken dette fører til.
Ivar Andreas Aasen
Ivar Andreas Aasen, språkforskar, språkgrunnleggjar og diktar. Han endra den språklege framtida i Noreg, forma skriftspråket nynorsk på grunnlag av talemål frå heile landet, og skreiv folkekjære songar som «Nordmannen» («Mellom bakkar og berg»).
Aasen var fødd i Ørsta 5. august 1813 og døydde i Kristiania 23. september 1896. Etter vanleg omgangsskule, studium hos huslærar og eige arbeid som huslærar var han kunnig i seks språk – norrønt, dansk, engelsk, fransk, tysk og latin. I 1842 tok han til på det arbeidet som resulterte i skriftspråket landsmål, tufta på Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873).
I arbeidet med å samle inn prøver frå talemåla landet rundt var Aasen innom halvparten av dagens kommunar og så langt nord som til Tromsø, men han la mindre vekt på talemålet i byane. Aasen forma sjølv prøver på det nye skriftspråket i ei rekkje sjangrar, skreiv meir enn hundre dikt og skapte nokre av dei mest folkekjære songane i Noreg. Han gav ut to ordbøker med til saman 69 000 oppslagsord. Dei klare og presise ordforklaringane hans gjer få han etter den dag i dag.
Han budde i Kristiania frå 1847 til han døydde, berre avbrote av eit år på Sunnmøre frå seinsommaren 1850.
(Saksa frå allkunne)
Forfattar: Ottar Grepstad