Hovdebygda soge- og velferdslag

Årsmøte 20. april 2018.

Årsmøtet vart halde i Sanitetsstova den 20. april 2018. Alle er vel møtt. Enkel servering

Kulturprisen til Roar Rønning

Foto: MøreNytt 2018

Kulturhovdingen Roar Rønning har i 2018 opp-levd dei store opp-turane og den største nedturen då han miste kona si i haust.

Janne Marit Myklebust i Møre- Nytt skriv om denne heiders -mannen i ein fyldig og flott artikkel. Les difor Møre-Nytt Laurdag den 22. desember.

Hugs at du må vere abonnent for å lese E-avisa

Kulturprisen til Roar Rønning.

Roar Rønning er tildelt kulturprisen til Ørsta kommune for 2018. Les om dette i Møre Nytt for 06.12.2018

Norsk kultursentrum får pengegåve.

Foto: MøreNytt

Kulturdepartementet løyver 233.000,- kroner til formidling av og forskning på nynorsk skriftkultur, kan Møre Nytt melde. Les heile artikkelen her! Hugs å kjøpe abonnement for å få lese alle artikklane MøreNytt legg ut.

Sunnmøre Barneheim

Sunnmøre Barneheim vart skipa i 1908 og markerte 90 års verksemd i 1998.

Dei var over 20 born i dei fyrste åra, i alderen 2 - 8 år, saman med nokre få tilsette. Det fyrste barneheimsbygget brann ned i 1914. Då fekk borna mellombels bu i ungdomshuset i Hovdebygda. Allereide i 1915 stod det bygget som det er bilete av her ferdig. I 1970 kunne barneheimen flytte over i nytt tidsmessig bygg og vart etter kvart til Sunnmørsheimen.

(Ukjend fotograf)

Kulturprisvinnar: Roar Rønning får kulturprisen til Ørsta kommune. 
https://goo.gl/photos/9SRnZ5ybKyhbJDyj6

Foto: Møre Nytt.

Presentasjon av skrift nr. 27, - Hovdeboka- 27.11.18 kl. 19.00, i Hovdebygda sanitetshus.

Alle vel møtt.

No er Hovdeboka nr. 27, klar for lesarane.

Biletalbum frå bok nr. 24 - Hovdebygda Idrottslag 100 år.

Hovdebygda Idrottslag 100 år 1915-2015 er bok nr 24 i skriftserien Mi gamle grend.

Biletalbum frå Steinnes

Eit nytt biletalbum ligg no ute. Det er Bjarne Steinnes som har lånt ut albumet til broren Einar Steinnes som døde i 2010. Til saman er det 140 bilete frå familia på Steinnes og frå hans arbeidsliv m.o.a frå Kystverket og diverse turar. Mykje fint å bla og sjå i.

Hausttur til Årsetøya 2015

Søndag 13. september inviterte Hovdebygda soge-og velferdslag medlemane sine på tur til Årsetøya, innerst i Austefjorden.

Det er hovdebygdingen Signy Ryste som eig øya. Det vart ein flott tur der 31 personer møtte opp på Aurstad Camping for å bli frakta over til øya med båt.

Helge Ryste og Albert Steinnes stilte med sine båtar og alle var over på ein halv time. Helge og Signy stilte heile øya til disposisjon og fortalte mange flottte historier av og om brørne som budde der fram til ekteparet Ryste overtok.

Tusen takk for ein framifrå dag med gode historier, mykje flott å sjå, rjomegraut, kaffi og kaker.

Ein liten biletreportasje frå turen kan du kose deg med her. Foto: Albert Steinnes og Roar Rønning

Målprisen gjekk til Roar i 2013

SogeLansering: Erkehovdebygdingar under lanseringa av årets sogeskrift i regi av Hovdebygda soge og velferdslag. F.v. Gudny Fagerhol, redaktør Roar Rønning, Ottar Ringset, Sveinung Walseth, Oddmund Hovden, Roe Digernes, Oddbjørn Aam, Guttorm Øye og Brynjulf Skurtveit. Eit av måla med sogebøkene er at alle som bur i Hovdebygda, og folk elles, skal verte betre kjende med Hovdebygda si fortid og notid.                       (Foto: Roy-Arne Folkestad)

Sjekk desse erkehovdebygdingane: Nokre av dei har skrive milevis om forstaden til Ørsta.

Foto: Møre Nytt

Skrift nr. 27 - 2018 er komen i trykken.

Den siste boka til Hovdebygda soge - og

velferdslag er snart ferdig frå trykkeriet. Prakteksemplaret i år heiter:

"Hovdebydgdingar - der du tyktest vera kjend."

https://picasaweb.google.com/111128642568753147283/RoarRNning#6150957152316670642
https://photos.app.goo.gl/wZi9PFAF85e24N6H8

Roar Rønning (f. 1949) vart tysdag den 13. mars tildelt Målprisen til Ørsta Mållag for 2013. Han får prisen for eit aktivt arbeid for nynorsken over mange år. Han får prisen fordi han i alle år har vore ein trufast nynorskbrukar på dei mange områda han har vore aktiv, heiter det i grunngjevinga frå prisnemda i Ørsta Mållag.

Skrift nr. 22 - 2013

Bok nr. 22, Hovdebygdingar – med hug for si heimlege strand – 2013, er den nest siste boka i serien «Mi gamle grend.» Den inneheld 190 bilete som er lagt ut under fana «Bilete» Boka kostar kr. 250,- og kan kjøpast i bokhandlar i Ørsta og Volda. Du kan også kontakte Oddmund Hovden på tlf. 91367444 eller på epost: oddmund.hovden@gmail.com. Du kan også nytte vår epostadr.:

hovdegrenda@gmail.com

Skrift nr. 23, 2014 er komen i handelen!

Heimatt - til lider og lundar

Bok nr. 23 frå Hovdebygda soge-og velferdslag er no komen i handelen. Boka vart presenterast den 25. november. Den har fått nytt format, og inneheld mange bilete. Redaksjonen har på nytt gjort eit framifrå arbeid. Oddmund Hovden er lagersjef for bøkene til soge-og velferdslaget og både gamle og nye utgåver kan bestillast av han. Han har epost: oddmund.hovden@gmail.com

Årets utgåve er ein enar under juletreet.

Ønskjer du å sjå dei vakre bileta kan du gå til biletalbumar eller trykke her.

Bilete på heimesida

Bileta er henta frå arkivet som Ann Charlotte Sørheim har samla. Ein del er brukte i bøkene frå 1986 og fram til d.d. Bileta som følgjer bøkene vert lagt ut i eigne albumar. Dei aller fleste bileta, utanom bøkene, er utan namn, skildring eller fotograf så her ligg det eit kjempemessig arbeid og ventar på styret i sogelaget. Det vert også svært viktig å få med lesarane av heimesida. Sit du inne med opplysningar så kan dei sendast til: albert.steinnes@gmail.com

Årsmøte!

Årsmøte i Hovdebygda Soge-og velferdslag, tysdag 18. mars 2014, kl. 19.00

Årsmøtet fekk vere med på ein times presentasjon av fotografi frå heimesida samstundes som det vart servert kaffi og kaker.

Albert Steinnes tok utgangspunkt i bileta frå boka Hovdebygda – folket og bygda i bilete, som kom ut i 1999. Denne boka har 250 bilete med utfyllande tekst. Under framsyninga kom der mange merknader og kommentarar, og folk drøste om bileta som i tid strekte seg tid frå slutten av 1800-talet og opp til notida.

Denne økta gav eit godt prov på at det er mykje underhaldning i gode bilete.

Hjelp til å identifisere personar

"Nye Hovden skule" klar i april neste år.

Ørsta kommune søkjer no tilbod for ombygging og renovering av Hovden skule.

Skrive av Roy Arne Folkestad roy-arne@morenytt.no

Foto: Roy Arne Folkestad

Arbeidet skal starte 30. november og skal vere avslutta 25. april neste år.

Dette går fram av anbodsdokumenta som no ligg på Doffin.

Prosjektet handlar om miljøretta helsevern og branntekniske tiltak ved Hovden skule. I dette ligg ombygging av garderobar, nye toalett, og trappeheis mellom gymsal og garderobar

Vidare skal vindauge oppgraderast og det skal gjerast tiltak mot maurplager m.a.

Prosjektet omfattar også enkelte endringar i planløysinga for skulen som lenge har hatt eit skrikande behov for modernisering.

Krokket tilbake i Hovde-bygda. Har restaurert den gamle bana.

Foto: MøreNytt

Sidan 1920 har det vorte spelt krokket i Hovdebygda. Nokre gonger har interessa dabba av. Men ho har alltid kome tilbake. Det skjer no også.

Les artikkelen i Møre Nytt 23.08.2018

Lindaprisen til Hovdebygda Soge - og velferdslag.

Hovdebygda Soge- og velferdslag vart tildelt Linda-prisen under Hovderevyen, laurdag 17.03.18.

Eldar Lingås held på med slektsgransking og ber om hjelp til å identifisere dei talsette personane på biletet. Biletet er frå bryllaups-feiringa til Berte Kanutte S. Velle og Peder Olav E. Øye, 7 mai 1906. Fotograf er trueleg A. Wennberg.

Veit du namna på nokon så er det berre å kontakte Eldar på

telf. 91746213

Korn på kverna og deilig graut.

Tysdag den 3.mai vart klassene på mellomtrinnet på Hovden skule inviterte til å få omvisning og demonstrasjon av kornmaling i dei gamle kvernhusa i Hovdebygda. Det var Hovdebygda soge- og velferdslag som stod bak opplegget, og det var Hallvard Hovde som var guide og mylnar. Vi delte oss i 3 grupper, slik at alle skulle få sjå best mulig. Dørene på kvernhusa er svært små og låge. (saksa frå Hovden skule si heimeside)

Årsmøte for Hovdebygda soge-og velferdslag 2016.

Årsmøtet 2016 vart halde i Sanitetsstova tysdag den 26. april kl 19.00.

Ørsta Brettklubb er ein realitet i lokala til Hovden Møbel i Hovdebygda.

Foto: Janne-Marit Myklebust

Eg vart heilt paff. Og mållaus. Vi er svært takksame, helsa leiar i laget, Gudny Fagerhol.

Prisen vert delt ut ein gong i året til ein person eller eit lag i Ørsta/Volda som har utmerka seg på ein positiv måte og med ein innsats utanom det vanlege. Hovdebygda ungdomslag oppretta prisen i 1997 til minne om Linda Ryste som gjekk bort dette året, berre 23 år gamal.

– Linda betydde mykje for oss, og prisen er mynta på mykje av det ho stod for: Omsorg, livsglede, omtanke for andre, smil og evne til å stå på, helsa revygeneral Mads Ryste frå scena.

Linda Ryste var svært aktiv i ungdomslaget.

– Hovdebygda Soge- og velferdslag er ein verdig mottakar av prisen. Dei står på, mellom anna med tilrettelegging av turstiane her i området, så vi slepp å gå med gjørme til knea når vi er ute på tur, sa Ryste vidare.

Prisen er eit diplom og eit måleri laga av Rune Innselset som viser utsikta mot Ytrestøylen frå eit kjært og velbrukt turmål i Hovdebygda.

– Dette var veldig kjekt, seier Gudny Fagerhol.

(saksa frå MøreNytt)

Skrift nr. 26 er komen i handelen.

Som alle gongar tidligare så leverer skriftstyret eit framifrå arbeid.

Boka har fått tittelen: "Hovdebygda - gav oss ein arv til å gøyma." Redaktør er Roar Rønning og han har med seg: Oddmund Hovden, Bottolv Lødemel og Sveinung Walseth. Boka kostar kr. 300,-

Årsmøtet 2017 vart halde tysdag den 25. april klokka 19.00 i sanitets-stova i Hovdebygda.

Gudny Fagerhol er valt til ny leiar i Soge-og velferdslaget etter Grete Ringset som takka av etter 7 år.

Arne Ola Grimstad fortalde " Om eit menneske eg møtte i Karasjokk."

19 personar måtte opp på Årsmøtet.

Ny gapahuk ved Berget.

Hovdebygda soge og velferdslag har no fått løyve til å setje opp gapahuk ved Berget. Gapahuken vert bygd no i vår, og skal vere tilgjengeleg for funksjonshemma. Både Ørsta kommune og Volda kommune arbeider no for å få til ei ordning med grunneigarane slik at turstien på sørsida av Hovdevatnet kan lengast slik at han kan knytast saman med vegen som går parallelt med Eiksundvegen ved Ytrestøylen.

Skrift nr. 25, "Hovdebygdingar - dagar kjem og går."

Torsdag den 24. november kl. 20.00 vart bok nr 25 i serien av "Mi gamle grend", presentet på Sanitetshuset i Hovdebygda.

Boka har fått tittelen; "Hovdebygdingar - dagar som kjem og går". Den vert lagt ut for sal måndag 28. november.

Her er nokre godbitar av innhaldet: Kirsten Ose skriv om "Ervingen blandakor", Hilde Johnsen skriv om "Hovden skule på kornmaling" og Sjalg Longva skriv om "Eit mellomalderskip frå Hovdebygda?" Her får du også med deg kva som skjedde i "Hovdebygda for 51 år sidan."

Redaktør er Roar Rønning og han har med seg: Oddmund Hovden, Bottolf Lødemel og Sveinung Walseth.

Ønskjer du å kjøpe denne praktboka, eller andre bøker i serien så kan du kan også kontakte Oddmund Hovden på tlf. 91367444 eller på epost: oddmund.hovden@gmail.com.

Du kan også nytte vår epostadr.:

hovdegrenda@gmail.com

https://goo.gl/photos/t5R5oovyW69piR9M7

Foto: Albert Steinnes

Den 28. november 2015, åpna den nye Bretthallen i Hovdebygda Møbelfabrikk. Rundt 200 personar hadde møtt fram. Etter stor innsats av mange frivillige er dette ein realitet. Det skal vere den flottaste bretthallen mellom Bergen og Trondheim.

Ordførar Stein Aam åpna hallen med mange gode ord og ved å klippe av kjettingen. Sparebank Møre helsa med ei gåve på kr. 190.000,- Her har ungdomar og vaksne med denne interessa ein framifrå boltreplass. Bileta er henta frå Brettplassen si side på facebook.

Skrift nr. 24 er presentert 19.11.2015 i Hovdebygda sanitetshus.

Hovdebygda Idrottslag 100 år 1915-2015 er bok nr 24 i skriftserien Mi gamle grend.

I år er heile boka tileigna Hovdebygda Idrottslag. Laget er i år 100 år, og det er fullt fortent at idrottslaget då får denne boka heilt åleine.

Hovdebygda Idrottslag har i alle desse åra vore ein svært viktig kulturfaktor i bygda. Heile bygda har i alle år slege ring kring idrottslaget. Svært mange hovdebygdingar har lagt ned ein uvurderleg innsats for idrottslaget, gjerne i fleire tiår. Ved større stemne og tilskipingar har bygda lyfta i flokk.

Idrottslaget har heile tida hatt tilbod så vel til borna som dei godt vaksne. Etter som tida har godt, har det vore store utbyggingar av anlegg. I dag kan Hovdebygda Idrottslag særleg syne til gode tilhøve for ballidrett med flotte baner på idrottsplassen i tillegg til ballbingen på den gamle idrottsplassen ved skulen.

Då Hovdebygda Idrottslag feira 75 år i 1990, skreiv Jens Kåre Engeset eit hefte om idrottslaget desse 75 første åra. Delar av dette heftet vert også nytta i denne boka.

Hovdebygda Idrottslag 100 år 1915-2015 har kome til etter ein stor dugnadsinnsats av fleire eldsjeler. Ei særskilt takk til Gunnar Ellingsen som har skrive om dei første 50 åra. Stor takk også til alle dei andre bidragsytarane.

Boka inneheld svært mange fotografi, og for ettertida er desse nesten like verdfulle som dei skrivne orda. Bileta og orda utgjer ein heilskap som gjev bod om den omfattande aktiviteten idrottslaget har hatt gjennom åra, og som ein framifrå dokumentasjon for ettertida.

I 2016 vil Hovdebygda soge- og velferdslag kome med ei tradisjonell bok igjen, og vi vil be alle om å tenkje ut gode idéar om innhald og bilete.

Vi har tru på at denne jubileumsboka om Hovdebygda Idrottslag vil få god mottaking både mellom bygdefolket og mellom dei mange aktive i idrottslaget. Vi er avhengige av godt sal for at boka skal bere seg økonomisk.

Det lokale næringslivet har støtta boka gjennom kjøp av lysingar, og denne støtta gjev eit naudsynt grunnlag for ei slik utgjeving. Ei stor takk for takk for denne velviljen. Stor takk også til alle som kjøper boka.

Hovdebygda, den 30. september 2015,

Roar Rønning, Oddmund Hovden,

Bottolf Lødemel, Sveinung Walseth.

TUSSA-treff 2016 - Korps-idol

Årets «Idol-tevling» for skulekorps på søre Sunnmøre gjekk av stabelen på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik søndag kveld den 6. november.

Volda skulekorps gjekk av med sigeren og vant 1. plassen i ein fullsett sal og til stormande jubel. Prisen for 1. plassen er kr. 15.000

Hovden og Ørsta skulekorps vart som nr. 2 og fekk med seg heim kr. 10.000, medan Ulstein skulekorps vart nr. 3 og fekk kr. 5.000. Det er Tussa som sponsar premiane.

https://sites.google.com/site/hovdegrenda/home/DSC_0302%20%281%29.jpg?attredirects=0

Hovden og Ørsta skulekorps. Mobilfoto: Albert Steinnes

På bilete ser vi Ingvild Øye som pregar framsida av boka.

Boka er no i salg i bokhandlar og butikkar og kostar kr. 350,- Den kan også kjøpast av Oddmund Hovden oddmund.hovden@gmail.com

Bilete frå boka er lagt ut som eigen album.