Grunna omleggingar hjå Google, må alle skjermbilete rettast opp att. Vi ber om orsaking for umaken dette fører til.
Referat frå styremøte i HSV den 10. september 2013
Møtet var halde heime hos Grete Ringset i Enokmarka 11. Møtestart kl 20.00.
Til stades: Grete Ringset, Gudny Fagerhol, Roe Yksnøy og Roar Rønning.
Asfaltarbeid:
Roe Yksnøy tok på vegne av laget kontakt med Telenor i sommar. Saka galdt manglande asfaltering av gangvegen langs Ytrehovdevegen etter kabelarbeid.
Gangstien er no nett ferdig asfaltert.
Laget gjev i haust ut bok nr. 22. Boka skal vere ferdig i slutten av november. Printing har fått trykkinga etter tilbod på 42 000 kroner. I tillegg kjem montasjearbeidet hos Alf I. Vatne.
Roar Rønning gjekk gjennom innhaldet i boka.
Laget kjøper eit rekneskapsprogram for å lette rekneskapsarbeidet. Kostnad mellom 1000 og 1500 kroner.
Grete Ringset, Gudny Fagerhol og Roe Yksnøy tek seg av salet av lysingar til boka med same firmafordelinga som i fjor.
Roar Rønning undersøkjer hos Alf Vatne når lysingane må vere på plass.
Styret skal velje valnemnd. Kandidatar: Hallvard Hovde, Solveig Hamar, Sigrid Aasen Lødemel, Nina Hovden Eidheim og Signy Ryste.
Overskotet vart 5196 kroner.
3000 kroner skal gå til 4. klasse. Foreldrekontakten tek kontakt når dei har trong for pengane.
Einar Flø vil ha stadfesting på at han er leiar for kulturminnearbeidet, eit arbeid som også omfattar arbeidet med å ta vare på kvernhusa ved Hovdeelva.
I kulturminnearbeidet har han med seg Ragnhild Engeset og Martin Furseth.
Kasserar Roe Yksnøy kunne opplyse at laget no har bankinnskot på kring 250 000 kroner.
Sogelagsutflukt?
Framlegg om tur til Årsetøya og Årsetøysamlingane i Austefjorden i samarbeid med Ørsta sogelag og Follestaddal sogelag.
Det kan også vere aktuelt med tur til Fiskerimuseet på Vartdal.
10.09.13,
Roar Rønning,
ref.