Innlegg uten navn

Publiseringsdato: 23.okt.2014 16:33:02

Referat frå styremøtet 2. oktober 2014

Møtet vart halde heime hos Grete Ringset, Enokmarka 11. Møtestart klokka 20.00.

Til stades: Grete Ringset, Gudny Fagerhol, Albert Steinnes og Roar Rønning – og Jostein Ringset frå turstinemnda.

    1. Lysingar til boka:

Det vert laga liste over firma for dei ulike seljarane. Lysingane må leverast til Roe Yksnøy seinast 8. oktober. Han har frist til trykkeriet 9. oktober.

    1. Orientering om arbeidet ved kvernhusa:

Jostein Ringset orienterte om arbeidet som har vore gjort. Nemnda har fått samla støtte på kr 64500. Til no er det brukt kring 50000. Dersom vegen vert ordna for rørslehemma, kan der også vere støtte å hente frå fylkeskonservatoren. Det vert også søkt meir støtte frå andre.

Planen er å køyre kverna i løet av hausten, og å lage graut – kanskje eit opplegg saman med skulen – eller kanskje ein søndag? Turstinemnda tek det vidare initiativet til opplegget.

    1. Heimesida:

Albert Steinnes orienterte om heimesida. Der er kome inn fleire enn 11000 kommentarar på bok nr 11. Denne er no teken ut, men der kjem enno inn meldingar. Problemet er å finne einkvan som kan løyse problemet. Det vert også arbeidd med ei alternativ heimeside.

    1. Støtte til samling av Hovden-salmar:

Jan Einar Holsen på Hamar har engasjert seg for å samle Anders Hovden sine salmar i ei bok. Til no har han fått fatt i 375. Han har søkt om støtte til utgjevinga.

Styret i Hovdebygda soge- og velferdslag gjorde vedtak om eit tilsagn på 5000 kroner. Pengane vert utbetalte når boka er ein realitet.

    1. Bok nr 23: «Hovdebygda – heimatt til lider og lundar»:

Roar Rønning orienterte om boka, som skal leverast til trykkeriet i morgon. Som vanleg har boka eit spreidd innhald både i tid og i innhald. I år er der særskilt mange bilete og illustrasjonar. Det vert m.a. prenta på nytt eit utval av bilete frå bøkene 4, 5, 6 og 7 (1996,1997,1998 og 1999). I tillegg er der m.a. album, og i tilknyting til ein av artiklane er der 10-11 teikningar av Kjellrun Straume. Boka har i alt 16 artiklar.

2. oktober 2014,

Roar Rønning, ref.