22. januar 2013

Møtet vart halde heime hos Grete Ringset, Enokmarka 11.


Til stades
: Grete Ringset, Gudny Fagerhol, Roe Yksnøy, Albert Steinnes og Roar Rønning.

Sak 1:          Referat frå siste styremøte:
Roar Rønning las opp referatet frå styremøtet i september.

Sak 2:         Rydding i nærmiljøet:
Gudny Fagerhol orienterte om saka. Ho har teke kontakt med kommunen. Eigaren av ein av eigedomane har no fått frist til 1. mars med å rydde opp.

Ho har også snakka med Mesta om hestelort og rusk i undergangen i Hovdebakken. Der er no rydda, hestelorten er fjerna, og lysa skal no vere i orden, men der er mykje hærverk.

Sak 3:          Heimesida til Hovdebygda soge- og velferdslag:
Albert Steinnes orienterte. Han meiner det høyrest urimeleg ut når web-huset skal ha 2000 kroner i året for denne heimesida, og han ber styret om å tilskrive web-huset for å høyre om dette er rett. Albert Steinnes vil gjerne halde fram med å hjelpe med redigeringa av sida.

På frontsida er m.a. boka lagt ut, men for å unngå at frontsida vert for stor, bør der opprettast eit arkiv.

Der er fleire faner. Under Ivar Aasen er der lagt inn tekstar med mange aktive ord. Anders Hovden på same måten. Kanskje kan der etter kvart kome ei fane med andre Hovdebygda-kunstnarar?

Vêrvarsel for Hovdebygda er lagt ut, og eit web-kamera frå Ørsta.

I venstre sidefelt ligg der aktivitetskalender, men denne følgjer det mykje arbeid med, og den er vanskeleg å ajourføre. I tillegg ligg der litt om koret, om fotballaget. Her kom Gudny Fagerhol med framlegg om at sanitetslaget bør få plass, og utleige av forsamlingslokale.

Albert Steinnes meinte at alle i styret no bør gå inn på heimesida, og gjere seg opp meining om kva som bør kome inn på. Gå inn på: http://hovdebygda.com

Heimesida vert også sak på neste styremøte.

Bilete: Vi bør leggje ut heile fotoarkivet, men dette er eit stort arbeid. Det må m.a. leggast inn tekst for kvart bilete. – Eg og Ann-Charlotte må setje oss ned for å sjå korleis vi kan gjere det. Det må vere logisk og enkelt.

Til å leggje ut fotoarkivet, bør det søkjast prosjektmidlar t.d. frå bankane.

På heimesida er også prat, men få er registrerte så langt. Ei anna fane er ymse. Kanskje bør referata frå styremøta kome inn i staden for ymse? Elles bør all informasjon gå gjennom styret.

Sogebøker: Denne er oppdatert og aktiv. Det bør kome fram kvar folk kan få tak i bøkene.

Sak 4:          Sams sogelagsmøte 19. mars:
Roar Rønning orienterte:

Det er i orden med Tussatun.
Elling Dybdal vil innleie om den nyare Tussa-historia.
Gunnar Ellingsen vil ta føre seg den eldre historia til kraftlaga.
I tillegg vil der vere med veteranar frå den praktiske sida i kraftlaga (Ørsta elverk og Tussa).

Der vert servering av kaffi og kaker. Inngangspengar: kr ??

Møtestart kl 19.00.

Sak 5:         Status for kultur- og næringssoga:
Roe Yksnøy orienterte:
Det har vore arbeidd ein god del både av Ørsta sogelag, Follestaddal sogelag og Hovdebygda soge- og velferdslag, – og av næringssjefen. Samarbeidet har også omfatta kommunen v/ordføraren, og kommunen vil ta trykkinga.

Det vert no satsa på ei bok. Det som skulle vere bind 2, vert ein liten del av bind 3.

Om den vidare framdrifta veit vi ikkje meir før i månadsskiftet. Hovdebygda soge- og velferdslag har betalt kopiering og porto for tiggarbreva.

Sak 6:         Boksalet:
Roe Yksnøy orienterte:
Boksalet er litt mindre enn i fjor, men det vart litt fleire lysingar. Så langt syner tala om lag jamvekt i inntekter og kostnader.

Neste styremøte: Tysdag den 5. mars kl 20.00.

22.01.13,

Roar Rønning,

ref.

Comments