Årsmøtet 2017 vart halde  tysdag den 25. april klokka 19.00 i sanitets-stova i Hovdebygda.

Gudny Fagerhol er valt til ny leiar i Soge-og velferdslaget etter Grete Ringset som takka av etter 7 år.
Arne Ola Grimstad fortalde " Om eit menneske eg møtte i Karasjokk."
19 personar måtte opp på Årsmøtet.

Ny gapahuk ved Berget.

Hovdebygda soge og velferdslag har no fått løyve til å setje opp gapahuk ved Berget. Gapahuken vert bygd no i vår, og skal vere tilgjengeleg for funksjonshemma. Både Ørsta kommune og Volda kommune arbeider no for å få til ei ordning med grunneigarane slik at turstien på sørsida av Hovdevatnet kan lengast slik at han kan knytast saman med vegen som går parallelt med Eiksundvegen ved Ytrestøylen.


Bok nr. 25, "Hovdebygdingar - dagar kjem og går."

Torsdag den 24. november kl. 20.00 vart bok nr 25 i serien av "Mi gamle grend", presentet på Sanitetshuset i Hovdebygda.

Boka har fått tittelen; "Hovdebygdingar - dagar som kjem og går". Den vert lagt ut for sal måndag 28. november. 

Her er nokre godbitar av innhaldet: Kirsten Ose skriv om "Ervingen blandakor", Hilde Johnsen skriv om "Hovden skule på kornmaling" og Sjalg Longva skriv om "Eit mellomalderskip frå Hovdebygda?" Her får du også med deg kva som skjedde i "Hovdebygda for 51 år sidan."

Redaktør er Roar Rønning og han har med seg: Oddmund Hovden, Bottolf Lødemel og Sveinung Walseth.

Ønskjer du å kjøpe denne praktboka, eller andre bøker i serien så kan du kan også kontakte Oddmund Hovden på tlf. 91367444 eller på epost: oddmund.hovden@gmail.com. 

Du kan også nytte vår epostadr.: 
hovdegrenda@gmail.com


https://goo.gl/photos/t5R5oovyW69piR9M7

TUSSA-treff  2016 - Korps-idol

Årets «Idol-tevling» for skulekorps på søre Sunnmøre gjekk av stabelen på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik  søndag kveld den 6. november.  
Volda skulekorps gjekk av med sigeren og 
vant 1. plassen i ein fullsett sal og til stormande jubel. Prisen for 1. plassen er kr. 15.000

Hovden og Ørsta skulekorps vart som nr. 2 og fekk med seg heim kr. 10.000, medan Ulstein skulekorps vart nr. 3 og fekk kr. 5.000. Det er Tussa som sponsar premiane.

https://sites.google.com/site/hovdegrenda/home/DSC_0302%20%281%29.jpg?attredirects=0
Hovden og Ørsta skulekorps. Mobilfoto: Albert Steinnes

Korn på kverna og deilig graut.

Tysdag den 3.mai vart klassene på mellomtrinnet på Hovden skule inviterte til å få omvisning og demonstrasjon av kornmaling i dei gamle kvernhusa i Hovdebygda. Det var Hovdebygda soge- og velferdslag som stod bak opplegget, og det var Hallvard Hovde som var guide og mylnar. Vi delte oss i 3 grupper, slik at alle skulle få sjå best mulig. Dørene på kvernhusa er svært små og låge. (saksa frå Hovden skule si heimeside)


Årsmøte for Hovdebygda soge-og velferdslag 2016. 

Årsmøtet 2016 vart halde  i Sanitetsstova tysdag den 26. april kl 19.00.

Ørsta Brettklubb er ein realitet i lokala til Hovden Møbel i Hovdebygda.



Foto: Albert Steinnes

Den 28. november 2015, åpna den nye Bretthallen i Hovdebygda Møbelfabrikk. Rundt 200 personar hadde møtt fram.  Etter stor innsats av mange frivillige er dette ein realitet. Det skal vere den flottaste bretthallen mellom Bergen og Trondheim. 
Ordførar Stein Aam åpna hallen med mange gode ord og ved å klippe av kjettingen. Sparebank Møre helsa med ei gåve på kr. 190.000,- Her har ungdomar og vaksne med denne interessa ein framifrå boltreplass. Bileta er henta frå Brettplassen si side på facebook.

Bok nr. 24 er presentert  19.11.2015 i Hovdebygda sanitetshus.


Hovdebygda Idrottslag 100 år 1915-2015
er bok nr 24 i skriftserien Mi gamle grend.

I år er heile boka tileigna Hovdebygda Idrottslag. Laget er i år 100 år, og det er fullt fortent at idrottslaget då får denne boka heilt åleine.

Hovdebygda Idrottslag har i alle desse åra vore ein svært viktig kulturfaktor i bygda. Heile bygda har i alle år slege ring kring idrottslaget. Svært mange hovdebygdingar har lagt ned ein uvurderleg innsats for idrottslaget, gjerne i fleire tiår. Ved større stemne og tilskipingar har bygda lyfta i flokk.

Idrottslaget har heile tida hatt tilbod så vel til borna som dei godt vaksne. Etter som tida har godt, har det vore store utbyggingar av anlegg. I dag kan Hovdebygda Idrottslag særleg syne til gode tilhøve for ballidrett med flotte baner på idrottsplassen i tillegg til ballbingen på den gamle idrottsplassen ved skulen.

Då Hovdebygda Idrottslag feira 75 år i 1990, skreiv Jens Kåre Engeset eit hefte om idrottslaget desse 75 første åra. Delar av dette heftet vert også nytta i denne boka.

Hovdebygda Idrottslag 100 år 1915-2015 har kome til etter ein stor dugnadsinnsats av fleire eldsjeler. Ei særskilt takk til Gunnar Ellingsen som har skrive om dei første 50 åra. Stor takk også til alle dei andre bidragsytarane.

Boka inneheld svært mange fotografi, og for ettertida er desse nesten like verdfulle som dei skrivne orda. Bileta og orda utgjer ein heilskap som gjev bod om den omfattande aktiviteten idrottslaget har hatt gjennom åra, og som ein framifrå dokumentasjon for ettertida.

I 2016 vil Hovdebygda soge- og velferdslag kome med ei tradisjonell bok igjen, og vi vil be alle om å tenkje ut gode idéar om innhald og bilete.

Vi har tru på at denne jubileumsboka om Hovdebygda Idrottslag vil få god mottaking både mellom bygdefolket og mellom dei mange aktive i idrottslaget. Vi er avhengige av godt sal for at boka skal bere seg økonomisk.

Det lokale næringslivet har støtta boka gjennom kjøp av lysingar, og denne støtta gjev eit naudsynt grunnlag for ei slik utgjeving. Ei stor takk for takk for denne velviljen. Stor takk også til alle som kjøper boka.

Hovdebygda, den 30. september 2015,

Roar Rønning, Oddmund Hovden,

Bottolf Lødemel, Sveinung Walseth.



På bilete ser vi Ingvild Øye som pregar framsida av boka.

Boka er no i salg i bokhandlar og butikkar og kostar kr. 350,-   Den kan også kjøpast av Oddmund Hovden  







Sunnmøre Barneheim


Sunnmøre Barneheim vart skipa i 1908 og   markerte 90 års verksemd i 1998.
Dei var over 20 born i dei fyrste åra, i alderen 2 - 8 år,  saman med nokre få tilsette. Det fyrste barneheimsbygget brann ned i 1914. Då fekk borna mellombels bu i ungdomshuset i Hovdebygda. Allereide i 1915 stod det bygget som det er bilete av her ferdig. I 1970 kunne barneheimen flytte over i nytt tidsmessig bygg og vart etter kvart til Sunnmørsheimen.
(Ukjend fotograf)
https://goo.gl/photos/9SRnZ5ybKyhbJDyj6

Biletalbum frå bok nr. 24 - Hovdebygda Idrottslag 100 år.

Hovdebygda Idrottslag 100 år 1915-2015 er bok nr 24 i skriftserien Mi gamle grend.

Biletalbum frå Steinnes


Eit nytt biletalbum ligg no ute. Det er Bjarne Steinnes som har lånt ut albumet til broren Einar Steinnes som døde i 2010. Til saman er det 140 bilete frå familia på Steinnes og frå hans arbeidsliv m.o.a frå Kystverket og diverse turar. Mykje fint å bla og sjå i.

Hausttur til Årsetøya 2015


Søndag 13. september inviterte Hovdebygda soge-og velferdslag medlemane sine på tur til Årsetøya, innerst i Austefjorden. 
Det er hovdebygdingen Signy Ryste som eig øya. Det vart ein flott tur der 31 personer møtte opp på Aurstad Camping for å bli frakta over til øya med båt. 
Helge Ryste og Albert Steinnes stilte med sine båtar og alle var over på ein halv time. Helge og Signy stilte heile øya til disposisjon og fortalte mange flottte historier av og om brørne som budde der fram til ekteparet Ryste overtok. 

Tusen takk for ein framifrå dag med gode historier, mykje flott å sjå, rjomegraut, kaffi og kaker.
Ein liten biletreportasje frå turen kan du kose deg med her. Foto: Albert Steinnes og Roar Rønning

Målprisen gjekk til Roar i 2013

https://picasaweb.google.com/111128642568753147283/RoarRNning#6150957152316670642

Roar Rønning (f. 1949) vart tysdag den 13. mars tildelt Målprisen til Ørsta Mållag for 2013. Han får prisen for eit aktivt arbeid for nynorsken over mange år. Han får prisen fordi han i alle år har vore ein trufast nynorskbrukar på dei mange områda han har vore aktiv, heiter det i grunngjevinga frå prisnemda i Ørsta Mållag.

Bok nr. 22                                                         


Bok nr. 22, Hovdebygdingar – med hug for si heimlege strand – 2013, er den nest siste boka i serien «Mi gamle grend.» Den inneheld 190 bilete som er lagt ut under fana «Bilete» Boka kostar kr. 250,- og kan kjøpast i bokhandlar i Ørsta og Volda. Du kan også kontakte Oddmund Hovden på tlf. 91367444 eller på epost: oddmund.hovden@gmail.com. Du kan også nytte vår epostadr.: 
hovdegrenda@gmail.com

 

Bok nr. 23, 2014 er komen i handelen!


Heimatt - til lider og lundar
Bok nr. 23 frå Hovdebygda soge-og velferdslag er no komen i handelen. Boka vart presenterast den 25. november. Den har fått nytt format, og inneheld mange bilete. Redaksjonen har på nytt gjort eit framifrå arbeid. Oddmund Hovden er lagersjef for bøkene til soge-og velferdslaget og både gamle og nye utgåver kan bestillast av han. Han har epost: oddmund.hovden@gmail.com

Årets utgåve er ein enar under juletreet.


 Ønskjer du å sjå dei vakre bileta kan du gå til biletalbumar eller trykke her. 


 Bilete på heimesida


Bileta er henta frå arkivet som Ann Charlotte Sørheim har samla. Ein del er brukte i bøkene frå 1986 og fram til d.d. Bileta som følgjer bøkene vert lagt ut i eigne albumar.  Dei aller fleste bileta, utanom bøkene, er utan namn, skildring eller fotograf så her ligg det eit kjempemessig arbeid og ventar på styret i sogelaget. Det vert også svært viktig å få med lesarane av heimesida. Sit du inne med opplysningar så kan dei sendast til: albert.steinnes@gmail.com 


Årsmøte!


Årsmøte i Hovdebygda Soge-og velferdslag, tysdag 18. mars 2014, kl. 19.00

Årsmøtet fekk vere med på ein times presentasjon av fotografi frå heimesida samstundes som det vart servert kaffi og kaker.

Albert Steinnes tok utgangspunkt i bileta frå boka Hovdebygda – folket og bygda i bilete, som kom ut i 1999. Denne boka har 250 bilete med utfyllande tekst. Under framsyninga kom der mange merknader og kommentarar, og folk drøste om bileta som i tid strekte seg tid frå slutten av 1800-talet og opp til notida.

Denne økta gav eit godt prov på at det er mykje underhaldning i gode bilete.


Hjelp til å identifisere personar



Eldar Lingås held på med slektsgransking og ber om hjelp til å identifisere dei talsette personane på biletet. Biletet er frå bryllaups-feiringa til Berte Kanutte S. Velle og Peder Olav E. Øye, 7 mai 1906. Fotograf er trueleg A. Wennberg. 
Veit du namna på nokon så er det berre å kontakte Eldar på 
telf. 91746213