Anders Hovden
Av Jens Kåre Engeset

Anders Hovden, prest, diktar og folketalar. Kristendom og norskdom var sentrale omgrep for han, som heile livet levde etter mottoet «Ver aldri redd i ærleg strid!»

Hovden var fødd i Hovdebygda i Ørsta 13. april 1860 og døydde i Oslo 26. november 1943. Han var odelsgut til «den magre gard», småbruket der foreldra streva for levemåten. Faren var i tillegg fiskar ute på Sunnmørshavet, og havet, stormen og fiskaren vart viktige omgrep for Hovden, både i livet og i diktinga. Han skreiv i mange ulike sjangrar, og gav ut om lag førti bøker.
Han utdanna seg til prest i Kristiania, og var prest på Lista, i Krødsherad, i Melhus, Østre Toten og i Ålesund. Saman med Peter Hognestad og Bernt Støylen stod han bak Nynorsk Salmebok, som kom i 1925.
Anders Hovden døydde i heimen sin på Nordstrand i 1943. Han er gravlagd på Ørsta kyrkjegard, ved sida av far sin, slik han ønskte.

I hovudstaden
Berre 15 år gamal kom Anders Hovden til lærarskulen i Volda. Deretter reiste han til hovudstaden som student. Der fekk han vanskar med pengeløyse og sjukdom, men ein sambygding berga han. Det var Ivar Aasen, som etter kvart kosta utdanninga hans fram til presteeksamen. Aasen vart som ein ny far for Hovden. I studietida engasjerte Hovden seg i samfunnsspørsmåla som var framme i 1880-åra: folkestyre, målsak og andre kulturspørsmål, noko han heldt fram med heile livet.
 
Hovden var sterkt engasjert i norskdomsrørsla. Han var såleis med då Noregs Mållag vart skipa i Oslo første helga i februar 1906. I ein artikkel i Syn og Segn fortel Kjell Venås: «Det var nattmøte som ikkje var over då ljoset gjekk, og det vart mørkt i halla. ’Men me hev ljos innvertes!’ ropa Anders Hovden og sette i syngje ’Mellom bakkar og berg’.»
 
Nære dødsfall
Hovden fekk tidleg oppleve dødsfall som gjekk hardt innpå han: faren Karl, kona Linda Marie, dottera Arnhild og venen Per Sivle. Det sat lenge i Hovden at faren ikkje fekk gravtale og skikkeleg minnestein. Etter at han sjølv hadde vorte prest, ordna han i 1915 med minnestein og gravtale – det vakre diktet «Handi hans far min».
 
Folketalar og prest
Hovden vart folketalaren framfor nokon. Han engasjerte seg i den frilynde ungdomsrørsla. Det likaste han visste var å tale til ungdomen. I samarbeid med dei arbeidde han for at nynorske salmar og liturgi vart nytta i kyrkjer rundt om i landet. Nynorsken vart sungen inn i kyrkjene!
 
Hovden fekk prestekall på Lista, i Krødsherad, i Melhus, Østre Toten og i Ålesund. I alle prestekalla vart det sett i gang aksjonar mot han. Riksmålsfolket ville ikkje ha denne fæle målmannen til prest. Hovden kom, vann og vart godt likt både som prest og menneske. Einaste unntaket var Ålesund, der sa han frå seg kallet og skreiv i Sunnmørsposten: «Eg var sokneprest i Ålesund i 14 dagar og tenkjer det var just høveleg lang tid.»
 
Hovden hadde sans for ironi og skjemt, også når det råka han sjølv. Nokre prestar var samla, og samtalen gjekk om kva for prestekall som var mest ettertrakta økonomisk. Då seier Hovden: «Det er underleg med Den Heilage Ande korleis ho driv oss til stendig feitare kall!»
 
Diktaren
I desember 1920 tok Det Norske Samlaget opp tanken om ei nynorsk salmebok og fekk Hognestad, Støylen og Hovden til å stå for arbeidet. Dette møtte sterk motstand mellom anna frå presteforeininga. Om drøftingane internt skriv Hovden: «Hognestad var klok og kald, Støylen var klok og varm, men eg var nok berre varm!» I slutten av 1920-åra vart han spurd om å omsetje salmar til nynorsk til Sangboken. No kom det fram kor sterke motsetningane var i kristenlivet i Noreg, og at namnet Anders Hovden ikkje var særleg omtykt i konservative krinsar. Sekretæren for nemnda, Lars Aanestad, fekk i oppdrag å spørje Hovden om namnet hans kunne utelatast i boka. Hovden sa ja til det. Vart arbeidet hans nytta, så var han nøgd, svara han. Dette syner kor raus Hovden var, også andsynes motmenn.
 
Les meir i  allkunne)

https://sites.google.com/site/hovdegrenda/anders-hovden/Anders%20Hovden.jpg?attredirects=0