10. september 2013

Referat frå styremøte i HSV den 10. september 2013

Møtet var halde heime hos Grete Ringset i Enokmarka 11. Møtestart kl 20.00.
Til stades: Grete Ringset, Gudny Fagerhol, Roe Yksnøy og Roar Rønning.

Asfaltarbeid:

Roe Yksnøy tok på vegne av laget kontakt med Telenor i sommar. Saka galdt manglande asfaltering av gangvegen langs Ytrehovdevegen etter kabelarbeid.

Gangstien er no nett ferdig asfaltert.

  1. Bokprosjektet:

Laget gjev i haust ut bok nr. 22. Boka skal vere ferdig i slutten av november. Printing har fått trykkinga etter tilbod på 42 000 kroner. I tillegg kjem montasjearbeidet hos Alf I. Vatne.

Roar Rønning gjekk gjennom innhaldet i boka.

  1. Rekneskapsprogram:

Laget kjøper eit rekneskapsprogram for å lette rekneskapsarbeidet. Kostnad mellom 1000 og 1500 kroner.

  1. Lysingar til boka:

Grete Ringset, Gudny Fagerhol og Roe Yksnøy tek seg av salet av lysingar til boka med same firmafordelinga som i fjor.

Roar Rønning undersøkjer hos Alf Vatne når lysingane må vere på plass.

  1. Valnemnd:

Styret skal velje valnemnd. Kandidatar: Hallvard Hovde, Solveig Hamar, Sigrid Aasen Lødemel, Nina Hovden Eidheim og Signy Ryste.

  1. 17. mai-tilskipinga:

Overskotet vart 5196 kroner.

3000 kroner skal gå til 4. klasse. Foreldrekontakten tek kontakt når dei har trong for pengane.

  1. Kulturminnenemnda:

Einar Flø vil ha stadfesting på at han er leiar for kulturminnearbeidet, eit arbeid som også omfattar arbeidet med å ta vare på kvernhusa ved Hovdeelva.

I kulturminnearbeidet har han med seg Ragnhild Engeset og Martin Furseth.

  1. Økonomi:

Kasserar Roe Yksnøy kunne opplyse at laget no har bankinnskot på kring 250 000 kroner.

Sogelagsutflukt?

Framlegg om tur til Årsetøya og Årsetøysamlingane i Austefjorden i samarbeid med Ørsta sogelag og Follestaddal sogelag.

Det kan også vere aktuelt med tur til Fiskerimuseet på Vartdal.

10.09.13,

Roar Rønning,
ref.

Comments