5. mars 2013

Referat frå styremøtet den 5. mars 2013

Møtet vart halde heime hos Grete Ringset, Enokmarka 11.

Møtestart kl 20.00.

Til stades: Grete Ringset, Gudny Fagerhol, Roe Yksnøy, Albert Steinnes, Oddmund Hovden og Roar Rønning.

Sak 1: Referatet frå førre møtet:

Roar Rønning las opp referatet frå møtet den 22. januar.

Sak 2: Heimesida:

Albert Steinnes orienterte om saka:

Har fått gjort dei tinga vi drøfta sist, m.a. oppretta arkiv. Det er laga ny fane for styremøte.

Vi har drøfta litt korleis vi skal ordne bileta, kanskje kan vi ordne det slik at dei kan leggast inn i album. Det er også lagt ut om turstiar, men her manglar karta.

Har lurt litt på om web-kamera skal vere med. Der er no tilvisingar til fleire lag i bygda.

Tekstane om Ivar Aasen og Anders Hovden vert bytta ut, t.d. med dei biografiske opplysningane som er å finne i www.allkunne.no

Det er viktig at folk no tek sida i bruk.

Sak 3: Kultur- og næringssoga:

Oddmund Hovden orienterte:

Det var trong for 1 350 000 kroner. Har fått tilsegn om ca 700 000. Vi prøvde å få ut ein større sum frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre, men saka vart send til gåvenemnda. Der er også gode grunnar for å prøve Nordea. Kommunen vil yte tilskot, men ikkje før i 2014.

Vi har arbeidd med saka heile tida. Arbeidet er ikkje kome så langt som vi ville, men vona er at det nye opplegget for boka vil føre til at verksemdene i dagens Ørsta ser med større velvilje på prosjektet.

Sak 4: Sams sogelagsmøte:

Roar Rønning orienterte:

Det sams sogelagsmøtet vert på Tussatun tysdag den 19. mars klokka 19.00. Tema er kraftproduksjon i gamle Ørsta kommune. Desse er innleiarar: Gunnar Ellingsen, Elling Dybdal, Syver Hovdenakk og Rolf Leira.

Det var semje under møtet å setje inngangspengane til kr 100.-, og at det vert servert kaffi og snittar.

Sak 5: Val av representant til verkstad/møte den 20. mars om felles strategi for utvikling av Furene/Hovdebygda:

Gudny Fagerhol vart vald til å representere Hovdebygda soge- og velferdslag under verkstaden. Om kvelden er det ope møte der alle er velkomne.

Sak 6: Planlegging av årsmøtet 2013:

Årsmøtet vert tysdag den 16. april kl 19.00 i Sanitetsstova.

Grete Ringset tek kontakt med valnemnda.

Til årsmøtet prøver vi å få tak i Valborg Hustadnes for å halde foredrag, alternativt Heidi Brunstad Øyehaug.

I tillegg vert det vanlege årsmøtesaker.

Sak 7: 17. mai 2013:

4. klasse har teke over plassen til 6. klasse i komitéen.

Paul Christian Hovden har sagt ja til å vere talar.

Grete Ringset kallar inn til det første møtet, og ho får med seg Gudny Fagerhol.

Det vart vedteke å overføre 6 000 kroner av 17. mai-pengane til Hovden og Ørsta skulekorps.

Sak 8: Boklageret:

Oddmund Hovden kunne opplyse at det no ligg 700-800 bøker på lager. Han lurte på om vi burde ha forsikra dei.

Det var semje om at han undersøkjer kva ei slik forsikring vil koste.

Sak 9: Tre ved krokettbana:

Norhus har teke kontakt med spørsmål om dei får lov til å felle ei stor lerk og ei stor gran på krokettbana. Som vederlag vil dei setje bana i stand, og å lage trappetrinn opp mot vegen.

Oddmund Hovden får fullmakt til å gjere avtale med dei.

Sak 10: Økonomien:

Roe Yksnøy kunne opplyse at laget i 2012 hadde 151 medlemar.

Fram til nyttår kome det inn salsinntekter på bok 21 på til saman 30 400 kroner. Det vart selt lysingar for 18 000 kroner. På bok 20 kom det i 2012 inn 35 906 kroner i boksal og lysingar.

Oddmund Hovden kunne informere om at laget tapte 1 620 kroner på konkursen til Notabene i Volda.

05.03.2013,

Roar Rønning,

ref.