Hovdebygda Soge-og velferdslag

Hovdebygda Soge - og

Velferdslag

Hovdebygda har endra seg mykje, særleg dei siste 30 - 40 åra. - "Dei hava snutt om vollane, og flut og rudt og bygt", som Ivar Aasen sa. Men midt i desse store endringane har bygda makta å halde på samhaldet og identiteten. Vi som bur her ynskjer framleis å vere ei sosial eining der unge og eldre kan trivast og samarbeide om positive tiltak. Samstundes vil vi prøve å knyte trådane bakover til dei som levde her før oss, og som la grunnlaget for framgangen.

Desse ynskja og denne måsetjinga var bakgrunnen til at Hovdebygda Soge og Velferdslag vart skipa den 19. mars 1984. Saman med dei andre laga i bygda vil HSV gjerne arbeide til bate for bygda og folket her.

"Gamlegrendi" har rike tradisjonar både innan ulike næringar og i kulturlivet. dessverre er etter måten lite av dette lokalhistoriske stoffet samla til no.

Vi har difor ei stor oppgåve som ligg og ventar, og ynskjer hjelp og stønad til dette frå alle interreserte i bygda. Dette heftet vonar vi vert det første av fleire me stoff av og for hovdebygdingar.

Hovdebygda har vorte kalla diktar -og kunstnarbygda, - og med rette. Vi presenterer 10 av desse, og har funne naturleg å la Ivar få ordet først med diktet sitt om heimbygda. "Mi gamle grend" skulle såleis også vere ein høveleg tittel på heftet.

Føreord til Bok nr. 1. april 1986

-skriftstyret-

Ivar Aasen

Tidt eg minnest ei gamal gard (Gamle Grendi)

1. Tidt eg minnest ein gamal gard

med store tre og runnar.

Vollar, bakkar og berg og skard

og blomster på grøne grunnar.

Der eg hadde meg so godt eit rom:

hus og mark med både bær og blom,

alt eg nøytte som ein eigedom

med både lut og lunnar.

2. Der var dalar og lier nog,

der lur og bjøllor klungo;

der var ruster og fager skog,

der tusund fuglar sungo.

Tett ved stova stod ei bjørk så breid,

der hadde skjorene sitt gamle reid,

staren song i kvar ein topp, som beid,

og erlor i tunet sprungo.

3. Heime var eg so vida kjend

og slapp inn, kvar eg ville,

i kvart hus i den heile grend,

om endå folket kvilde.

Der var kjenningar i kvar ei krå,

og når eg ukjende folk fekk sjå,

spurde eg radt, kvar dei var i frå,

og dei var lika milde.

4. Var det nokon som der leid vondt

og vart fyre tap og spilla,

brått det spurdest om bygdi rundt,

og alle tykte, det var illa.

Ofte minnast eg mi gamle grend,

når eg framand uti verdi stend,

heimlaus, frendelaus og lite kjend,

og likar på leiken illa.