23. januar 2014

Referat frå styremøtet den 23. januar 2014

Møtet vart halde i Enokmarka 11. Møtestart klokka 20.00.

Til stades: Grete Ringset, Gudny Fagerhol, Roe Yksnøy, Einar Flø, Albert Steinnes, Jostein Ringset og Roar Rønning.

Sak 1: Kulturminnearbeidet:

Einar Flø og Jostein Ringset var kalla inn til dette møtet for å greie ut om arbeidet med og rundt kvernhusa, og turstiane i dette området. Der er trong for å rydde ein del skog i tillegg til å reinske og reparere vassføringane (gravemaskinarbeid), og å reparere/utbetre turstien langs elva. Sjølv om det vert rekna med både dugnader og eksterne tilskot, vil arbeidet innebere at Hovdebygda soge- og velferdslag må stille ein eigenkapital på kr 32 500 til rådvelde.

I ordskiftet om saka meinte Albert Steinnes at det er viktig å få dokumentasjon på arbeidet, t.d. ved å ta fotografi og leggje dei ut på heimesida.

Samrøystes vedtak:

Hovdebygda soge- og velferdslag stiller til rådvelde kr 32 500 for arbeidet ved kvernhusa og turstien langs Hovdeelva.

Sak 2: Heimesida/biletsamlinga:

Albert Steinnes var særskilt innkalla til denne saka. Det sentrale spørsmålet hans var å få vite kva tankar styret har om korleis sida skal utvikle seg vidare. Han vil vere takksam for alle tilbakemeldingar, merknader og rettingar.

Der har kome framlegg om å bruke kring 40 bilete i boka kvart år.

Det kom framlegg om å lage eit lagsmøte som eit biletmøte, kanskje i samband med årsmøtet.

Albert Steinnes har hatt ein god del kostnader med arbeidet.

Samrøystes vedtak:

Hovdebygda soge- og velferdslag løyver kr 10 000 til Albert Steinnes for å dekkje dei kostnadene han har hatt i arbeidet med heimesida.

Sak 3: Årsmøtet 2014:

Det vart vedteke at årsmøtet vert tysdag den 18. mars klokka 19.00. Vi vil spørje Tussa om å få bruke kantina.

I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det presentasjon frå biletsamlinga til Hovdebygda soge- og velferdslag.

Sak 4: Representantar til valnemnda:

Under årsmøtet i fjor vart berre Kolbein Ryste vald til valnemnda. Styret må såleis nemne ut to medlemar til. Det kom framlegg om å spørje Norunn Melheim og Sollaug Eiksund.

Sak 5: Planlegging 17. mai 2014:

Gudny Fagerhol og Grete Ringset vil representere Hovdebyga soge- og velferdslag i 17. mai-komitéen.

Sak 6: Boka:

Slik tala er per i dag går inntekter og kostnader i jamvekt med kr 62 000.

Ei årsak til at boksalet i år vart litt svakare enn før kan vere at vi fekk boka to veker for seint. Vi må ved eit seinare høve drøfte korleis vi kan klare å auke boksalet.

23.01.14,

Roar Rønning,

ref.